Historie

Lindåsbygda

Sopranen Margunn

Litt historie

 

I gamle dagar var Lindåsbygda sentrum for ein stor del av regionen, som i dag er eigne kommunar. Sjøen var sjølvsagt hovudferdsleåra, dei fleste var bønder og fiskarar, og mange levde i tronge kår. I 1883 fekk Lindås eige Tinghus, som husa både tingmøtene, bank og amtskule.

 

Etterkvart som kommunane i Nordhordland vaks fram, vart Lindåsbygda kommuneadministrasjon for Lindås kommune. Dette varte til 60-talet, då administrasjonen vart flytt til Knarvik. Det var omtrent på same tida at utbygging på Mongstad tok til, og det vart ein folkevekst i bygda som kan knyttast til Mongstad som arbeidsplass.

 

Dei fleste bygga som hadde viktige funksjonar for om lag 100 år sidan, står framleis og er i bruk. Meir om det gamle sentrum og slusene.

 

I dag bur det omlag 1300 i Lindåsbygda.