LivOGLyst

LivOGLyst Lindåsbygda

 

- er eit 3-årig samfunnsutviklingsprosjekt med støtte frå LivOGLyst-satsinga i Hordaland og Lindås Kommune. Målet er å bidra til identitet, trivsel, tilhøyre og bulyst i bygda både gjennom trivselstiltak og næringsutvikling.

 

Det er bygdefolket sjølve som bestemmer kva tiltak eller prosjekt ein skal arbeide vidare med, og det er dei som brenn eller har interesse for tiltaka som jobbar fram korleis aktiviteten skal vere. Gjennom LivOGLyst får en tilgang på nettverk, vegleiing, kompetanse, kontaktpersonar, og ikkje minst opnar det seg dørar for tilskot og stønad for å iverksetje tiltaka.

 

Alle i bygda som brenn for noko, har eit ynskje for bygda, har ein god ide, ynskjer å starte noko, ynskjer å betre noko, har innspel, vil samarbeide om noko, vil bidra med eit eller anna osv er hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Bygda treng alle! Ta kontakt, også utanom allmøta som vert arrangert.

 

LivOGLyst Lindåsbygda Org.nr 917 959 633

Leiargruppe: Nina Bøe, Grethe Furelid, Elisabeth Tonheim (prosjektleiar)

 

Kontakt oss på mail

Gode krefter samla

Gjekk du glipp av allmøte?

 

Les referat her

Allmøte 4.sept 2017

Allmøte 30.jan 2017

Allmøte 24.okt 2016

 

Aktivitet i prosjektet 2016/2017

 

  • Ungdomsklubb/ungdomstilbod
  • Park på Lindås
  • Kva kan vi nytte gamle sjukeheimen til?
  • Klatreløype ved Kolåsløypa

 

Tidlegare aktivitet i prosjektet

 

  • Bygdefest mars 2017
  • "Verdas lengste lokalmatbord"
  • Turistinformasjon og skilting i bygda
  • Oppgradering av turstiar og turkart
  • "Sjøparken i Lindåsosane"
  • Kulturaktivitetar for reiselivet
  • Synleggjering av store menn og kvinner frå bygda
  • Informasjon om Lindåsslusene og Lindåssilda
  • Heimeside for bygda www.lindasbygda.no

I media

 

Strilen 17.mars 2017, Bygdefest og Ungdomsklubb

Lindåsbygda