Aktivitet i prosjektet

Lindåsbygda

Tiltak og delprosjekt

 

Verdas lengste sjømatbord

Arrangementet går over ei helg, med rikhaldig program frå fredag til søndag. Langbordet med smaksprøvar av sjømat kun laurdagen Det var stor deltaking og høg dugnadsfaktor i bygda i gjennomføringa av arrangementet i 2014, og publikumsoppmøtet var enormt! Verdas lengste sjømatbord vart i 2014 arrangert som eit mobiliseringstiltak i bygda, og vil vidare vere eit eige delprosjekt under LivOGLyst-prosjektet. Vi satsar på at arrangementet vert like flott i 2015! Meir info om sjømatbordet her.

 

Turistinformasjon og skilting i bygda

Mange ulike aktørar og enkeltpersonar har kome med innspel til kva vi treng av skilting i bygda, og at det må kome opp nytt turistkart på Info-tavla ved bensinstasjonen. Turistkartet er no montert (nov 2014) og oversikt over kva vi treng av skilt er sendt kommunen.

 

Oppgradering av turstiar og turkart

Bygda har mange flotte turvegar/stiar, og det er no starta eit arbeid med å merke og oppgradere desse. Det vert utarbeidd eit turkart med kort info om dei ulike rutene. Arbeidet er pågåande og vi satsar på at det er klart i løpet av 2015.

 

Sjøparken i Lindåsosane

Ei permanent kunstutstilling på holmar, skjær, naust og bergveggar i sjøområdet innom Lindås Sjøsluser. Utstillinga vart etablert i 2014 med seks verk, og vert supplert med eitt nytt verk årleg. Dette er eit eige delprosjekt under LivOGLyst-prosjektet. Meir info om Sjøparken her.

 

Kulturaktivitetar for reiselivet

Reiselivet treng opplevingar til gjestene sine, og det er derfor utarbeidd ein faldar med nokre av tilbodene ulike kulturaktørar i bygda kan tilby. Dette er berre starten, og faldaren vert utvida etter kvart. Dersom du tilbyr eller veit om nokon som tilbyr denne type aktivitet, ta gjerne kontakt. Arbeidet er pågåande.

 

Båtskyss i Lindåsosane

For å gjere Sjøparken og Sjøslusene tilgjengelege for folk som ikkje sjølve har båt, jobbast det for å finne ei løysing på båtskyss i Lindåsosane. Har du eigen båt, og har eller kan tenke deg å ta fritidsbåtskippersertifikat, vil vi gjerne høyre frå deg. Arbeidet er pågåande.

 

Julegate på Nedre Lindås og Spjeldnes

Er eit samarbeid mellom ulike reiselivs- og kulturaktørar i bygda, og går føre seg i dei gamle husa i det tidlegare "sentrum" på Lindås. Tanken er å skape ei annleis førjulsoppleving, som gjer at publikum føler seg rikare når dei går herifrå! Mange privatpersonar og aktørar, både frå bygda og utanfrå, bidreg med kunst, kultur, matopplevingar, lokalhistorie, handverk og handarbeid. Julegata har sidan starten i 2010 utvikla seg til å bli eit stort arrangement med publikum frå både fjern og nær. Meir info om Julegata her.

 

Synleggjering av store menn og kvinner frå bygda

Formidling av informasjon om blant anna Katharina Saltnes og Aslaug Låstad Lygre.

Vi takkar bygdelaget for innsatsen med statue av Katharina Saltnes i Lindåsparken, samt ei flott informasjonstavle om henne som heng i resepsjonen på Westland Hotel.

Aslaug Låstad Lygre kan ein finne meir informasjon om på Spjeldnes Gard, kor også eigaren Heidi er ein fantastisk formidlar av hennar tekstar.

 

Informasjon om Lindåsslusene og Lindåssilda

Det er laga ein enkel informasjon om Lindåssilda som ein finn i restauranten på Lindås Brygge. Plansje med bilete og informasjon om Lindås Sjøsluser kjem etter kvart på Lindås Brygge.

 

Heimeside for bygda

Lindasbygda.no vart oppretta i oktober 2014 etter ynskje og innspel frå mange i bygda. Målgruppa for sida er inngrodde Lindåsingar, nytilflytta og besøkjande. Norsk og engelsk tekst. Har du innspel til sida, eller har du informasjon om aktivitetar og arrangement, meld ifrå! Elisabeth Tonheim oppdaterer heimesida.

 

Samarbeid

Vi ynskjer å betre samarbeid mellom ulike aktørar i bygda slik at vi vert ei meir samansveisa bygd med sterkare produkt. Dette er ein flott måte å verte kjent med kvarandre. Arbeidet er pågåande og evigvarande!

Aktivitet i prosjektet

 

 

SAMARBEID!

Samarbeid