Om oss
Her klekker vi ut gode idear
Gode krefter samla

Lindåsbygda og slusene - Frå oske til eld

 

- er eit samfunnsutviklingsprosjekt med støtte frå LivOGLyst-satsinga i Hordaland og Lindås Kommune. Målet er å bidra til identitet og trivsel i bygda, samstundes som besøkjande får ta del i dei perlene og gode kulturlivet som finnast her.

 

Alle i bygda som brenn for noko, har eit ynskje for bygda, har ein god ide, ynskjer å starte noko, ynskjer å betre noko, har innspel, vil samarbeide om noko, vil bidra med eit eller anna osv er hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Bygda treng alle! Ta kontakt, også utanom allmøta som vert arrangert.

 

Ei av dei store satsingane til prosjektet er opplevinga "Verdas lengste sjømatbord" som vart gjennomført for fyrste gong i juni 2014. Dette skal vere ei årleg hending som mobiliserer store delar av bygda, og som innlemmar aktørar også utanfor bygda.

 

Prosjekteigar: Nordhordland Næringshage

Prosjektleiar: Elisabeth Tonheim

 

Kontakt oss på mail

Aktivitet i prosjektet

 

Lindåsbygda