Turvegar

Lindåsbygda

Kulturvandring

 

Lindåsbygda har historie langt tilbake i tid, og for rundt 100 år sidan var bygda eit knutepunkt i regionen. Sjøen var den viktigaste kommunikasjonsåra og dagens høgdepunkt var for mange anløp av rutebåten.

 

Kulturvandringa tek deg innom ulike stader som var viktige i bygda i området vi kan rekne som det tidlegare "sentrum". Det vil sei at her var blant anna kyrkja og prestegarden, rutebåtkai, meieri, pensjonat, Tinghuset, butikkar, skular mm.

 

Last ned brosjyre med kart over løypa HER

 

Lindås Bygdelag står bak denne permanente kulturløypa, som vart opna 29.mai 2016. Det er 17 ulike postar med både norsk og engelsk tekst.

Kart Kulturvandring